Framside

Sognamost - Ekte jus frå Sogn

Det er ikkje tvil om at fleire og fleire nordmenn fylgjer internasjonale trendar og no ynskjer varer med god kvalitet, mest mogeleg basert på nasjonale og lokale råstoff, kortreist og ikkje minst sunne og med helsegevinst.

Det er mykje positivt å seie om eplemost. Kvaliteten på vår eplemost får du og andre avgjere, men vi har so langt berre fått gode tilbakemeldinger.

Om garden

Norane Fruktgard har gard nummer 81 og bruk nummer 18 på Slinde i Sogndal kommune. Garden ligg flott og solvendt til ved Sognefjorden, tvers av Fimreite.

Produkter

Norane Fruktgard konsentrerar seg om kun ein variant per i dag. Det er rein pasteurisert eplemost som tappast på "bag-in-box" i høvesvis 5 og 10 liter kartong. I tillegg tappar vi på 35 cl glasflasker.

Marknaden avgjer kva emballasje ein ynskjer framover og vi set difor stor pris på attendemeldinger om kva de meiner. Ynskjer du eit parti med eigen logo så kan det ordnast.