VÅR HISTORIE

sognamost_MG_8480-3.jpg

Eplejus med historisk sus

Fruktblomstring ved Sognefjorden

Fruktblomstring ved Sognefjorden

Sognamost blir produsert og tappa ved Norane Fruktgard, brn./gnr. 81/18, Slinde i Sogndal kommune.

Garden ligg flott til ved fjorden og tvers av Fimreite, eit område med historisk sus. Det var nemleg akkurat her på fjorden, like utanfor staden der våre jusprdukt vert laga, at det kjende vikingslaget mellom Magnus Erlingson og kong Sverre, Sverre Sigurdsson, fann stad i juni 1184. Eit slag Kong Sverre vann.

Konsekvensene av slaget var at store deler av det gamle aristokratiet vart utsletta og Sverre satte inn sine egne menn i disse maktposisjonene. Dette var med på å sikre hans stilling som konge i Norge. 

Verken Kong Sverre eller vikingane før han, hadde eplejus til å slukke tørsten med på den tida, men det er kjend at områda her husa fleire av dei største viking gardane, med sitt rike jordsmonn og gode grøde. Det har såleis vore dyrka og drive jordbruk i desse områda i langt meir enn 1000 år. Og at det er gode tilhøve for fruktdyrking er heva over einkvar tvil. Alle våre råstoff kjem frå eigen hage og andre lokale fruktprodusentar.

Ved å gå frå fruktproduksjon til jusproduksjon har denne generasjonen tatt eit utradisjonelt og modig val, i likheit med kva mange bønder innan jordbruksnæringa har gjort dei siste åra. 

Utviklinga har skjedd  over tid og har gått frå å vera ei hobby prega attåtnæring, til å bli ein meir profesjonell dreven verksemd. Dette skuldast ein auka fokus på alternative og sunnare alternativ til tradisjonelle leskedrikkar. 

Ta kontakt om du har spørsmål rundt produksjonen vår og produkta våre.

Med helsing

Ann Kitty og Stig Johnny