gjest frå Sognacider er lansert!
Etter lang tid med testing og prøveproduksjonar er vi endeleg klare til å lansere vårt første cider-produkt. Som hobbybonde med fruktproduksjon har vi etter kvart fått eit godt volum på våre 1184 Sognamost-produkt. Men ønskje om å lage ein god, fruktig cider med alkohol har vore der heile tida. Eit godt kvalitetsprodukt i eit volum vi kan makte å handtere.
No er vår første alkoholhaldige cider klar for sal! Gjest er namnet på det første - men forhåpentlegvis ikkje siste - ciderproduktet frå oss. Denne cideren er laga på rein fruktjus av lokale eple frå Sogn, tilsett gjær og noko sukker. Ingenting anna!
Vi håper han fell i smak!