Produkt

 

Våre produkt

Sognamost produkt serien 1184 er laga av friske, saftige fjord epler og bær frå Sogn, handplukka, pressa og tappa direkte på kartong eller flaske. Ingen bruk av konsentrat. Ingenting tilsett. Ingenting tatt bort. Sognamost produkta er pasteurisert og hermetisk lukka. Uopna er dei haldbar i minst 15 månader frå produksjonsdato ved kjøleg lagring.

Sognamost produkta inneheld ørsmå fruktpartiklar som ikkje er filtrert bort. Dette er sunne partiklar som medverkar til den unike smaken. Under lagring vil noko av dette samle seg på botn. Ryst og snu emballasjen nokre gonger før servering.

Vel mellom våre flasker og bag-in-box alternativ. 

EpleJusen vert i hovudsak laga av eplesortane Gravenstein, Aroma og Discovery. Dei vert blanda saman slik at ein får den smaken vi trur dei fleste liker det. Rik på sødme, syrlighet og ein frisk ettersmak.

I tillegg lagar vi jus der me blandar eple med bringebær og blåbær fra distriktet. Gode variantar som smakar fortreffeleg. 

Kos deg! 

 
nybakgrunn_liten.jpg