Gjest frå Sognacider er lansert!
Etter lang tid med testing og prøveproduksjonar er vi endeleg klare til å lansere vårt første cider-produkt. Som hobbybonde med fruktproduksjon har vi etter kvart fått eit godt volum på våre 1184 Sognamost-produkt. Men ønskje om å lage ein god, fruktig cider med alkohol har vore der heile tida. Eit godt kvalitetsprodukt i eit volum vi kan makte å handtere.
No er vår første alkoholhaldige cider klar for sal! Gjest er namnet på det første - men forhåpentlegvis ikkje siste - ciderproduktet frå oss. Denne cideren er laga på rein fruktjus av lokale eple frå Sogn, tilsett gjær og noko sukker. Ingenting anna!
Vi håper han fell i smak!
Historia om Gjest
Cideren GJEST er produsert ved Norane Fruktgard, som ligg plassert ved fjorden på Slinde. ei flott grend mellom bygdene Leikanger og Sogndal.
Det er to grunnar til at cideren har fått namnet GJEST.
Draumen om cider
Saman med Ann Kitty driv vi Norane Fruktgard i Sogndal der vi også lagar 1184 Sognamost, som vi sel til butikkar, restaurantar og kaféar på Vestlandet.
Frå terrassen på huset vårt ser vi over til Fimreite og fjorden, der det historiske slaget stod i 1184. Frå den same terassen har vi heile tida snakka om draumen om å lage ein frisk, fruktig og lettdrikkeleg cider med alkohol.
Å skape mest muleg ut av ressursgrunnlaget på garden er viktig for oss. I tillegg er vi opptekne av god mat og drikke - og difor er vi glade for å kunne lansere Gjest, vårt første cidder- produkt.
Vennleg helsing
Stig Johnny Buvik
hobby fruktbonde & produsent
Her får du kjøpt Sognacider
Meny, Sogndal
Spar, Vik
Spar, Gaupne
Coop Extra Sjøkanten, Sogndal
Ægir Pub, Flåm
Fjøra Pub, Sogndal
Kaffistova, Oslo
Undredal Kafe, Undredal